Vil du delta på neste års The Beast, bør du få ut fingeren. 420 er påmelde etter 16 timar

Pågangen har vore særs stor.

Av: Jogeir Bigset

SKUDENESHAVN: Pågangen til The Beast som går av stabelen den 9. juni neste år, har vore særs stor.

Registreringa opna ved midnatt i natt. I løpet av dei knappe 16 timane som har gått, har heile 420 sprekingar meldt seg på.

Gunvar Mjølhus, leiar i Achievers Multisport Team, som arrangerer, er smigra og stolt over interessa.

– Dette er ei vitamininnsprøyting. Me er vane med at interessa er stor. Men er likevel overraska over så enorm pågang. Dette viser at me har gjort mykje bra førre åra, seier han.

LES OGSÅ: Karmøylærar tente 900 000 på børsen. Og det på under eitt år. Slik gjorde han det

Arrangørane lovar fleire nye hinder neste år. Og at det skal bli eit klarare skilje mellom dei som konkurrerer på høgt nivå, og dei som berre er der for å teste eigne grenser.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: