Vi blir færre karmøybuar. 321 har flytta ut av kommunen etter nyttår

Det viser SSB-tal frå første kvartal i år. Aase Simonsen (H) likar ikkje utviklinga. – At vi har tilflytting til kommunen, er viktig fordi det gir oss skatteinntekter og betre økonomi, seier ho.

Av: Jogeir Bigset

Statistikken fortel at vi nå er 42 208 som bur i Karmøy kommune. Som er 21 færre enn ved årsskiftet. Fødselsoverskotet er positivt. Det som gjer at talet går ned, er fråflytting. Berre 283 har flytta til kommunen denne perioden.

Folkeveksten i Karmøy nådde ein topp 2013; da blei vi 635 fleire. Sidan den gong har veksten gått gradvis ned. I fjor var den på 42. 

Denne trenden ønskjer Aase Simonsen å snu.

– Det er klart at dette ikkje er kjekke tal å få. Vi må gjere oss attraktive. Eg vil at vi skal sjå på kva som kan vere årsakene til nedgangen, seier ho.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Aase Simonsen

Bustadutbygging

Simonsen vil jobbe med problemstillinga fram mot komande kommunestyremøte 19. juni.

– Dette er grunnen til at eg stoppa opp ved kommunen sit bustadbyggeprogram sist formannskapsmøte, seier ho og forklarer:

– Eg ønskjer at vi òg skal få fokus på kva område som blir bygde ut av private aktørar og viktigheita av at det skjer. I tillegg bør vi ha ei oversikt over kor hen i kommunen det blir bygt nye bustadar.

– Vi bør skape ei felles forståing i kommunen av at dette er viktig å ta tak i.

FLEIRE SAKER  FØLGER NEDANFOR: