Ung koperviking prøver lykka hos SL Benfica. – Det er kjekt, men tøft fysisk

Denne oktobermånaden trenar fotballtalentet Benjamin Bygnes hos SL Benfica. Her nummer tre frå venstre.

Av: Jogeir Bigset

LISBOA: Benjamin Bygnes frå Kopervik har det som plommen i egget denne hausten. Heile oktober er han på besøk hos toppklubben SL Benfica i Lisboa, Portugal. Der held han på med det han likar aller best: fotball.

– Det er kjempekjekt. Eg får spele saman med fotballspelarar frå heile verda. Me blir veldig godt kjente. Ikkje berre trenar me saman, me bur på same hotellet og heng saman på fritida. Me blir akkurat som eit vanleg fotballag, fortel fjortenåringen.

Tunge tak

Sjølv om det er lystprega, har det vore litt oppoverbakke òg.

– Første veka hadde me 33 grader skuggen. Det kjente eg var i meste laget på når me var på trening. Nå har det blitt hakket kjøligare, rundt 25 grader, seier han og medgir at det òg er uvant med så mykje trening.

Artikkelen held fram etter bildet.

På treningsfeltet. Foto: Privat

Det går i eitt bankande køyr. Dagane ser omtrent slik ut:

– Me står opp i åttetida og startar med ei treningsøkt før me går på skole. Så er det på han igjen med ei ny treningsøkt om kvelden, fortel Bygnes.

Éin dag i veka får gutane heilt fri. Og er det kampdag, tar dei det litt rolegare med treninga.

– Sjølv om me vinn kampane, møter me ganske hard motstand. Laga her nede er gode. Nå gler eg meg til me skal møte U14-laget til Benfica. Det blir ein tøff kamp, men me tar dei nok, trur Bygnes.

Gjer sitt beste

Kopervikingen er svært glad for denne sjansen til å vise seg fram for SL Benfica.

– Kjekt at eg får mogelegheita. Eg kan ikkje anna enn å gripe sjansen og gjere så godt eg kan. Og så er det utruleg lærerikt.

LES OGSÅ: BILDESERIE: Stor fotballglede på Åsebøen. 95 lag deltok på Gla’gris Cup

– Nå har du vore der nede i drygt to veker. Korleis synest du at det har gått?

Eg klarer meg greitt. Medspelarane mine er veldig gode. Me får ei evaluering når treningsopphaldet er omme. Då får eg vite kva klubben meiner eg er god på og kva eg må jobbe vidare med, avsluttar han.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: