Tre SILK-arrangement er utselde. – Opningskvelden blei suksess

Billettsalet til årets SILK har gått veldig bra.

Av: Jogeir Bigset

SKUDENESHAVN: Arrangementa Mord à la carte torsdag, SILKeKrim fredag og SILKeLørdagskveld med mellom anna Ole Torp er utselde.

Nestleiaren i SILK, Hanne Mulelid, fortel om stor publikumsinteresse.

– Me har allereie selt fleire billettar enn i fjor. Så det viser at me har treft bra på kva folk ønskjer å oppleve i år.

Festivalopning

Opningskvelden onsdag blei suksess, ifølge Mulelid.

– Det blei ein lang kveld, men alle kosa seg, trur eg. Jan Erik Vold som ikkje reiser så mykje lenger, var godt fornøgd og glad over å komme.

I år er Mulelid spesielt glad for at Nancy Hertz, som er aktuell med sakprosaboka «De skamløse jentene», besøker festivalen laurdag. Boka handlar om ærekultur, kjønnsroller og  sosial kontroll av minoritetskvinner.

– Hertz er ein av dei siste forfattarane som blei annonserte. Ho frontar ei viktig sak, synest eg, seier Mulelid.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: