Tradisjonsrik og stemningsfull julekonsert. – Endeleg i ny kyrkje

Det var fullt hus då Kopervik meinigheit arrangerte julekonsert i nyekyrkja. På podiet stod både kor og korps frå byen. Sjå bildeserie nedst.

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: Andre søndag i advent gjekk Kopervik meinigheits julekonsert av stabelen.

– Dette har me venta på. Denne julekonserten har vore arrangert alle sju åra utan kyrkje. Nå var det fantastisk å endeleg halde den i nyekyrkja, seier Hild Jorun Olsen frå meinigheita.

LES OGSÅ Nye Kopervik kyrkje får nytt kyrkjeskip av historielaget. Sjekk detaljane i bildeserien nedst

Ho er glad for alle som bidrog.

– Her fekk me vist fram breidda i musikklivet i byen vår.

LES OGSÅ: – Nye Kopervik kyrkje har innfridd som kulturarena

Skummelt

Ten sing-koret Synzygus song «I’ll Be Home» og «Himmel på Jord». Dirigenten, Sanne Knudsen, var godt fornøgd etterpå.

– I dag var det både skummelt og kjempekjekt på opptre, så mykje folk som var i kyrkja. Men det gjekk heldigvis fint, sa ho.

Bildeserien inneheld seks bilde.

TIPS KARMØYFOLK PÅ 957 80 298

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: