Torvastad møtte Stegaberg på bortebane. – Det kunne gått begge vegar

Alt i alt er Torvastad-trenar Kenneth Mortveit fornøgd med poengdeling i fredagens kamp mot Stegaberg.

Tekst: Jogeir Bigset

Foto: Alf-Einar Kvalavåg, Tysvær Bygdeblad

FOTBALL: I første omgang jobba Torvastad i motbakke då dei møtte Stegaberg.

– Stegaberg hadde heilt klart føringa i starten og scora eitt mål. Me jobba mykje éin og éin. Lagspel var det heller lite av, fortel Mortveit.

Artikkelen held fram etter reklamen.

Dette brukte Torvastad-trenaren pausen på å rette opp. Då snudde kampen.

– Etter sidebyte handla det meste om oss. Eg er veldig fornøgd med eigne spelarar. Dei begynte å spele på kvarandre, og bakka opp ein annan. Me stod saman som eit lag. Og heldigvis klarte me også å utlikne.

Endeleg resultat blei 1–1.

– Det kunne eigentleg gått begge vegar. Og eg trur begge lag er fornøgde med resultatet, alt sett under eitt, avsluttar Mortveit.

Artikkelen held fram etter bildet.

Foto: Alf-Einar Kvalavåg, Tysvær Bygdeblad

KAMPFAKTA:

Stegaberg–Torvastad 1–1 (1–0)

Bane: Frakkagjerd kunst

Mål: 1-0 Erik Frøyland (41), 1-1 John Ø. Sletten (59)

Dommar: Øystein Strand, Djerv 1919

SJÅ FLEIRE BILDE FRÅ KAMPEN HER: Tysvær Bygdeblad

MEIR LOKALFOTBALL FØLGER NEDANFOR: