Talet på fattige Karmøy-barn aukar. 86 har fått opplevingskort

Talet på barn som lever i låginntektsfamiliar aukar.

Av: Jogeir Bigset

ULIKSKAP: I ein rapport som skal leggast fram i Hovudutval for oppvekst og kultur komande veke, blir det slått fast at talet på barn som lever i låginntektsfamiliar aukar.

Per i dag blir det anslått at mellom 7,3 og 10,2 prosent av barna i aldersgruppa 0–17 bor i familiar med låg inntekt og kan kategoriserast som fattige.

LES OGSÅ: Nav-kontoret i Karmøy kuttar populært tilbod. Talet på drop in-besøk skal ned

Karmøy ligg under landsgjennomsnittet, men over snittet i Rogaland.

Forskjellen mellom dei fattige og dei velståande aukar, slår rapporten fast.

Opplevingskort

Eitt av mange tiltak frå kommunen si side er at det 18. august i år blei innført eit opplevingskort for barn og unge som låginntektsfamiliane kan søke om. Dette kortet gir barna gratis tilgang til kultur- og fritidsaktivitetar.

Til nå har heile 86 barn fått dette kortet. I tillegg har 12 fått innvilga støtte til medlemskap i frivillige organisasjonar.

BAKGRUNN: Nå gir kommunen gratis kultur- og fritidsaktivitetar til barn og unge som lever i fattigdom

Rådmannen konkluderer i rapporten: «Det viktigste budskapet for å redusere sosial ulikhet i samfunnet og forebygge barnefattigdom er tidlig innsats. Barn i lavinntektsfamilier har større risiko for psykososiale problemer og deltar også mindre i fritidsaktiviteter.»

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: