Stokkastrand skole laga skikkeleg «Mesternes mester»-stemning. Sjå bildeserie nedst

Det mangla ikkje på utfordringar, verken for liten eller stor, da Stokkastrand skole inviterte foreldre og besteforeldre til leik og moro.

Av: Jogeir Bigset

Elia Aase, rektor på skolen, ønskte velkommen etter at skolekoret hadde hausta stor applaus for framføringa av «Stå opp mot urett».

– I dag vil eg utfordre alle: Snakk med nokon du aldri har snakka med før. Så kjenner du fleire når du går heim, sa ho.

Rektoren ville helst at alle skulle delta på aktivitetane.

– Og til dokker barn. Få med dei vaksne på leikane.

Mange nytta høvet til å preike med kjentfolk og ha piknik i skolegarden. Dei mest sporty vaksne deltok.

Bildeserien inneheld 11 bilde og éi annonse. Dra til venstre, eller trykk på pilene.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: