Stempel poppar opp på Amfi. Sel varer frå tidlegare sesongar til reduserte prisar

Fredag og laurdag arrangerer klesbutikken Stempel «pop-up shop» i andre etasje på Amfi-senteret på Åkra.

Av: Jogeir Bigset

ÅKRA: Torsdag ettermiddag er Stempels butikkeigarar, Marianne K. Risløv (t.v på bildet) og Susanne Jakobsen Kvalvik, i full gang med å ordne til «pop-up shop».

Den begynner å ta form nå, men det har vore hektisk.

– Ja, dette har vore mykje meir arbeid enn me hadde trudd. Og det kom litt brått på for oss. Heldigvis er me to, og så har me fått ein del hjelp av familie, smiler Jakobsen.

Urbant konsept

– Me gjer dette for å vise butikken fram for nye kundar og skape litt ekstra blest, ja, i tillegg til å rydde på lageret, fortel Kvalvik.

Artikkelen held fram etter bildet.

Frå utstillinga.

«Pop-up shop»-konseptet er in i tida.

– Det er ganske vanleg i større byar om dagen; ein butikk dukkar plutseleg opp ein stad, for så å forsvinne igjen etter ei kort periode. Ein gjer det mellom anna for å teste ut nye marknadar og sjå kva respons butikken får, forklarer Kvalvik.

– Denne gongen er det på Amfi. Kor hen kan kundane vente at dokker poppar opp neste gong, då?

– Nei, det veit eg ikkje. Nå får me sjå an responsen her og om det freistar til gjentaking andre stadar, seier Kvalvik.

LES OGSÅ: Madame Parfymeri feirar 35. Har hatt både opp- og nedturar

Artikkelen held fram etter bildet.

Frå utstillinga.

Skandinaviske merke

Butikken Stempel har fast tilhaldsstad i Krossen på Åkra, der dei sel moteklede for damer.

– Butikk-konseptet er vårt eige. Me er heilt utan kjedetilknyting og bestemmer sjølve kva klede me vil ta inn.

Sortimentet består av skandinaviske merke. Noko som har fungert bra på Åkra.

– Me har mange faste, lojale kundar her heime, men opplever også ofte at folk kjem frå heile distriktet, avsluttar Kvalvik.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: