Starta nettbutikk der ho sel eigne strikkeoppskrifter. – Det var veldig skummelt

Sjølv om det var skummelt, starta åkrabuen Solfrid Aastvedt Dahl nettbutikk der ho nå sel eigne strikkeoppskrifter.

Av: Jogeir Bigset

ÅKREHAMN: – Første gongen eg fekk ein idé til eit eige mønster, sat eg og strikka på ein kjøkkenklut. Plutseleg såg eg korleis eg kunne bruke mønsteret, fortel Solfrid Aastvedt Dahl.

Ho sette seg ned med penn og papir. Teikna og rekna. Noko som resulterte i ei strikkeoppskrift på ein barneshorts. Arbeidet gav meirsmak, og éi strikkeoppskrift blei til fleire. Men at det skulle ende med eigen nettbutikk, var ikkje planen.

– Eg fekk masse positive tilbakemeldingar. Folk sa eg burde legge mønstera ut for sal. Men eg tenkte at det var sikkert ingen som ville ha mine oppskrifter.

Artikkelen held fram etter bildet.

BARNESHORTS: – Eg henta idéen frå ein kjøkkenklut.

Jantelov

Godorda starta ein tankeprosess.

– Jantelova, den som ligg i ryggmargen og seier at du ikkje skal stikke deg fram, trur eg nok stoppa meg litt, humrar Dahl.

Etter å ha fundert på det i eit års tid, gav dottera, Heidi, henne siste dytten som skulle til.

– Eg nemnde for henne at dette hadde eg lyst til, men var usikker på om eg torde. Ho gjorde kort prosess, gjekk inn og sette opp nettbutikken og sa: «Kom igjen, nå er det berre til å begynne.» Så då var eg i gang, fortel firebarnsmora.

GOD OG VARM: – Eg trengte ein varm kjole på jobb, så då laga eg denne.

Resultatet blei nettbutikken Solaastrikk der strikkeoppskriftene nå ligg ute for sal.

Dahl syntest det var skummelt då, og det gjer ho ennå.

– Det er ikkje slik at eg har mista nattesøvnen, men eg har store sommarfuglar i magen.

Langsiktig

I dag ligg to hefte med fire strikkeoppskrifter i kvart ute for sal. Begge med klede til barn. Over nyttår kjem oppskrifter på vaksenklede.

GENSER: – Denne har ein kollega tinga på, fortel Dahl.

– Eg tenker langsiktig. Nå skal eg bruke tre til fem år på bygge opp ei samling med oppskrifter. Og samstundes danne ein kundekrets, fortel Dahl.

Til nå har ho fått 829 følgjarar på Instagram, og ho stiller ut kleda i den lokale strikkebutikken, Perlestrikk.

BARNEKJOLE: – Eg gjekk bortom Perlestrikk og spurde om dei ville stille ut nokre av kleda. Dei takka ja.

Tidkrevjande

Dahl prøver å designe klede som er tidlause. Vil at dei skal sjå like tidsriktige ut om ti år som i dag.

– Og eg prøver å lage oppskrifter som er så enkle at alle kan klare dei. Sjølv om dei ser vanskelege ut, skal dei vere lett å strikke. Mønstera blir test-strikka av fire–åtte stykker. Dei kjem med tilbakemeldingar på om mønstera funkar eller ikkje.

Og lakmustesten på at eit mønster er klart for sal, det er søstera.

– Ho er heilt fersk når det gjeld strikking. Så då veit eg at når ho klarer å strikke den, klarer alle, humrar Dahl.

RYGGMØNSTER: – På denne jakka er der ryggen som har mest ved seg, fortel Dahl.

– Dette høyrest ut som veldig mykje arbeid.

– Det tar mykje tid, ja. Eg brukar fire–fem ettermiddagar i veka. Men nei, det er ikkje arbeid. Dette gjer eg fordi det er gøy.

LES OGSÅ: Gjekk du glipp av Kopervik Fashion Night? Sjå bildeserie her

LES OGSÅ: Bygde huset sitt sjølve. Har brukt all fritid i eitt år. – Lærerikt og kjekt

Sjølv om det var skummelt, er 44-åringen glad ho tok mot til seg.

– Eg har jo blitt så gammal at nå ser eg at eg toler å feile. Det er ikkje så farleg. Så har eg i alle fall prøvd.

TIPS KARMØYFOLK PÅ 957 80 298.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: