Står med éin fot i begge leirar når Sabbane møter Haugar. – Eg trur det blir målrikt

Det seier David Rasmussen. Han er både Vedavåg-spelar og Haugars spelar- og trenarutviklar, og står slik sett mellom barken og veden denne kampen.

Av: Jogeir Bigset

FOTBALL: Komande søndag er det klart for «seriefinale» i femtedivisjon. Då møtest opprykkskandidatane SK Vedavåg og Haugar i Storhall Karmøy. David Rasmussen gler seg.

– Alt ligg til rette for at dette skal bli ein kjempespennande kamp. At det nå er berre tre poeng imellom klubbane, skaper nerve. Det triggar spelarane enormt. Dei kjem til å gi alt, seier han.

Kva resultatet blir, det vil ikkje Rasmussen spå. Men at det blir mange mål, er han sikker på.

– Dette er to kjempesterke lag som begge har veldig gode angrepsspelarar, og her er det nokre som knivar om å bli toppscorar i femtedivisjon, grunngir han og legg til:

– Eg håpar berre at det blir ein spennande og kjekk kamp.

Folkefest

Kampen skal sendast direkte på Eurosport Norge. Noko som ikkje er kvardagskost.

– Eg set stor pris på at dei kjem og lagar ein skikkeleg tv-produksjon av kampen. Dette er viktig for lokalfotballen og gir ein ny giv, seier Rasmussen.

BAKGRUNN: Eurosport skal sende SK Vedavågs heimekamp direkte på tv. – Ein fest for heile bygda

For anledninga blir det rigga opp ekstra tribune i hallen.

– Ramma rundt denne kampen er heilt fantastisk: eit nabooppgjer mellom to lag som ligg heilt i toppen av tabellen. Eg håpar heile bygda kjem, og at dette blir ein folkefest.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: