Sommargospelet i Skudenes flyttar til sentrum. – Fantastisk å ha det midt i byen

Vel ei veke før det brakar laust, er primus motor Geir Sommerfeldt både entusiastisk og spent. For første gong arrangerer han ikkje sommargospel i parken, men på paviljongen.

Av: Jogeir Bigset

– Nå får folk vere byen samstundes som dei er på sommargospel. Arrangementet fell saman med Skudenesdagane, så her er det masse som skjer. Folk kan gå i butikkane, kike i salsbuer og samstundes nyte musikken, seier Sommerfeldt

På grunn av lågare publikumstal siste åra har Sommerfeldt tenkt i nye baner.

– I år fekk vi sjansen til å bli ein del av Skudenes’ 160-årsjubileum og flytte det hit. Det er litt vågalt, men vi har fått eit nytt publikum og må prøve andre ting. Så får vi evaluere etterpå.

Lokale krefter på plakaten

Sommargospelet satsar i år på artistar frå nærmiljøet.

– Vi synest det er viktig at dei som held på her lokalt, får vise seg fram. Eg er spesielt glad for samarbeidet mellom Jarle Waldemar og eit kor som tel rundt 100 barn, smiler Sommerfeldt.

Ein av årets artistar er Skudenes’ Julie Apeland. Ho bur for tida i Sandnes der ho studerer ergoterapi, men er ofte i heimbyen. Med seg på scenen har ho eit band som består å kjærasten og nokre kameratar.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Julie Apeland

– Eg synest det er kjekt å få lov til å vere med og gleder meg til å opptre. Dette blir veldig spennande. Denne gongen har eg henta fram musikk frå nokre gamle CD-ar eg lytta til då eg var lita, fortel ho.

I tillegg har ho plukka ut nokre låtar av artistane Kari Jobe og Andraé Crouch.

Apeland voks opp i kormiljøet på bedehuset og har vore med i Voice of Joy. Musikk er ein måte å tilbe Gud, meiner ho.

– For meg er dette ein sjanse til å dele kven Jesus er og kva han har gjort for oss.

Andre artistar som skal på scenen denne kvelden, er mellom anna Roger Hemnes, Henriette Lie og Lars Bårdsen.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Roger Hemnes

Fast tradisjon

Det 29. gong sommargospelet går av stabelen. Berre eitt av åra har det regna. Sommerfeldt er allereie i gang med å sjekke vêrmeldingane.

– Vi satsar på opphaldsvêr i år òg. Folk får moglegheit til å ta med eigne stolar som dei kan slå opp rundt paviljongen, og det er gratis inngang.

For at eit så stort arrangement skal gå knirkefritt, må Sommerfeldt ha hjelp. Mange Skudenes-ungdommar bidrar.

– Her i byen er det ikkje noko stort skilje mellom dei ulike kristne miljøa. Alle er med og samarbeider, opplyser han og legg til at Røde Kors skal halde vakt.

Programmet startar klokka 1600 og held fram heilt til midnatt.

LES OGSÅ: Nystarta Kopervik gospelkor fekk besøk sørfrå. Sandnes gospelkor rocka