Slogmåkane var i storform då dei spelte konsert i Skudenes. Sjå bilde her

Det var stemningsfullt på ferjekaien i Skudenes då både Slogmåkane og seglskuta «Christian Radich» var på besøk søndag.

Av: Jogeir Bigset

SKUDENESHAVN: Måkeskrik, solgløtt og frisk bris. Slogmåkane var verkeleg i sitt rette element der dei hadde rigga seg til for å spele gratiskonsert på ferjekaien.

(Artikkelen held fram etter reklamen.)

Flust i folk hadde møtt fram.

– Det er alltid skøy å spele i Skudenes, for her kjem det så mykje folk for å høyre, innleia Helge Hammersland.

Slogmåkane hadde komme til Skudeneshavn med «Christian Radich». All den friske sjølufta frå turen hadde tydeleg sett sitt preg på songarane; dei var i storform og hausta god applaus frå eit takknemleg publikum.

LES OGSÅ: Desse to åkrabuane blir å sjå på TV Norge denne hausten

LES OGSÅ: Barna diggar dette nye leiketøyet som nå ligg i hamna på Sandve

Etter konserten bar det vidare på rundtur rundt Skudenes med seglskuta.

Bildeserien inneheld fem bilde:

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: