Skudenes’ 160-årsjubileum er i gang. 100 glade barn opna feiringa med song og musikk. Sjå bildeserie

– Å sjå alle barna synge. Og dei stolte foreldra og besteforeldra som høyrer på. Det er fantastisk, seier Geir Sommerfeldt idet han ser utover folkemengda som har samla seg framfor paviljongen i Skudenes denne formiddagen.

Av: Jogeir Bigset

Lett duskregn legg ingen dempar på stemninga. På paviljongen står barn frå Slågstemmen, Fladaberg og Skudenes barnehage. Saman med Jarle Waldemar framfører dei fire songar. Publikum er takknemlege. Barna haustar stor applaus

Karmøys ordførar, Jarle Nilsen, talar. Han rosar byen på sørspissen av kommunen.

– Skudenes er Noregs sommarby nummer éin, uansett vêr, innleiar han.

Han meiner at skudenesbuen, med rette, er stolte av byen sin.

– Når ein går gjennom Søragadå, er det lett å forstå korfor både karmøybu og folk frå resten av landet besøker byen.

Flinke elevar frå Sørhåland privatskole avsluttar markeringa. Dei framfører to songar saman med Jarle Waldemar til flotte bevegelsar.

Artikkelen held fram etter bilderserien. Den inneheld ti bilde. (Dra til venstre eller trykk på pilene.)

Så har startskotet gått. Skudenes går ein hektisk sommarsesong i møte. Denne helga er det skudenesdagar.  Allereie laurdag går årets Sommargospel av stabelen. Les Sommargospelet her:

Sommargospelet i Skudenes flyttar til sentrum. – Fantastisk å ha det midt i byen

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: