Gratis utandørskonsertar i Skudenes kvar helg i juli. Programmet er spikra

SOMMAR PÅ KARMØY: I år kan båtfolket, turistar og skudenesbu elles glede seg over livemusikk på torget fredag til søndag heile juli gjennom.

 Av: Jogeir Bigset

Geir Sommerfeldt er kjempefornøgd.

– Etter at Skudefestivalen er ferdig, er det mykje folk i byen, men før om åra har vi mangla noko som skjer. Dette vil vi nå gjere noko med, og det er ein del av 160-årsjubileet, seier han.

På programmet, som spenner over eit breitt spekter av sjangrar, står artistar som Roger Hemnes, Skudenes Shantykor, Susan Borg og mange, mange fleire.

– Vi har satsa på lokale utøvarar. Valt folk som held på med ganske ulike typar musikk, men som passar inn på slike kveldskonsertar. Her blir det alt får Haugaland trekkspillklubb til Helge Pedersen som speler Bjørn Eidsvåg-inspirert musikk, fortel Sommerfeldt.

Konsertane startar klokka 20:00.

Les programmet her: Program

FLEIRE SAKER FRÅ SKUDENES FØLGER NEDANFOR: