Så mykje må du betale i eigedomsskatt og avgift til kommunen. Karmøy blant landets billegaste

På ei oversikt over kor mykje landets 428 kommunar tar inn i eigedomsskatt og  avgift, hamnar Karmøy i nedre del av statistikken.

Av: Jogeir Bigset

Det viser tala som Statistisk sentralbyrå har utarbeida for Huseiernes landsforbund, og som blei presenterte nyleg.

Samla tar Karmøy kommune inn 11 661 kroner frå huseigarane – 2 598 i eigedomsskatt og 9 063 i kommunale avgifter.

Ser vi på kva kommune huseigarane betaler minst, ligg Karmøy  på ein 52. plass.

På Haugalandet er det berre Tysvær som tar inn mindre.

Store skilnadar

Undersøkinga baserer seg på tal kommunane sjølve melder inn, og den reknar med skatt, avgifter og kommunale gebyr for ein standardbustad på 120 kvadratmeter.

Skilnadane kommunane imellom er store.

Av landets kommunar er det Sola som tar inn minst frå huseigarane – berre 7 101. Hjartdal derimot toppar statistikken med 25 267.

FLEIRE SAKER FØLGJER NEDANFOR: