På Ådland satsar dei på uteskole. Foreldra fekk bli med

– Vi går ned til sjøen eller opp i marka og jobbar med ulike fag der. I dag lar vi foreldra oppleve kva vi jobbar med på desse turane, fortel rektor Marianne Fagerland. Sjå bildeserie nedst.

Av: Jogeir Bigset

Ådland skole er stolt innehavar av den internasjonale utmerkinga Grønt flagg. Noko som mellom anna inneber at dei tar undervisninga ut i naturen minst éin gong i månaden.

– Dette skaper trivsel og vennskap. Å vere ute i naturen gir ein annan kontakt mellom både elevar og lærarar, seier Fagerland.

Og det mangla ikkje på aktivitetar denne ettermiddagen. Ei heller god mat.

– Vi dyrkar ramsløk i skolegarden. Nå serverer elevar frå småtrinnet brød med ramsløk-smør. Mellomtrinnet sankar sopp kvar haust, så dei byr på soppstuing.

Rektoren ser mange fordelar med å drive skole ut i det fri.

– Barna får bra med fysisk aktivitet i tillegg til å at det gir variasjon. Elevar som synest det er tungt å halde på med matematikk innandørs, kan ofte ha lettare for å arbeide med faget ute i naturen, forklarer ho.

Bildeserien inneheld 13 bilde og éin annonse. Dra til venstre, eller trykk på pilene.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: