Oscar-nominert regissør lagar TV-serie om Karmøy-viking. Håpar at dei vil filme på Bukkøy

Leiar for Avaldsnesprosjektet, Marit Synnøve Vea, ønskjer serieskaparane velkomne til Avaldsnes.

Av: Jogeir Bigset

AVALDSNES: Den Oscar-nominerte regissøren Morten Tyldum skal lage TV-serie basert på sagaen «Den svarte vikingen». Ei sann historie om kongesonen Geirmund Heljarskinn som opphavleg kom frå Avaldsnes.

Tyldum er mellom anna kjent for filmar som «Hodejegerne» og «Varg Veum – Falne Engler».

TV-serien skal produserast av Paramount Pictures og Anynomous Content.

Vil ha serien til Avaldsnes

Marit Synnøve Vea, leiar for Avaldsnesprosjektet, håpar seriskaparne kjem til Avaldsnes.

– Eg håpar dei kjem her, og at dei vil filme på Viking-garden, seier ho til NRK.

Ho trur at dersom serien brukar namnet Avaldsnes, vil det ha god marknadsverdi og gi fleire besøkande.

LES OGSÅ: Riksantikvaren vil frede 180 eigedommar i Skudenes. Har nå sendt forslaget vidare

Det var NRK som først omtalte saka.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: