Opplev ein bedehusbasar i ekte 50-talsstil. – Dette blir som i storheitstida

Det seier Karmøys største bedehus-entusiast, Svein Helge Bergfjord. Komande laurdag inviterer han og resten av Vest-Karmøy yngre lokalhistoriske forening til det som skal bli ei ekte mimrestund: basar på Fosen bedehus.

Av: Jogeir Bigset

Dei har lagt vinn på å gjere basaren så autentisk 50-tals som mogeleg.

– Her blir det andakt, Frelsesarmeen i Kopervik sin strengemusikk skal spele og vi sel lodd i form av ekte tre-årar. Og gevinstane, det er ting som kunne vore lodda ut da, fortel Bergfjord og presiserer at det er skikkelege, flotte ting. Ikkje utslitne, gamle.

I tillegg, som det sømer seg på basar, serverer dei både kake og kaffi.

Artikkelen held fram etter bildet.

Kake, kaffi og ekte tre-årar.

Bedehuskultur

Det har blitt eit uttrykk her på Karmøy: På vestsida køyrer vi ikkje i kilometer, men bedehus i timen.

– Ja, Karmøy er bedehusland. Dette var viktigaste treffstaden før i tida. Bedehuskulturen har forma samfunnet vi lever i. Desse røtene er det viktig å kjenne til.

Bergfjord fortel om ei ny interesse blant dei unge.

– I tiåra etter storheitstida på 50-talet slutta ungdom gradvis å søke seg til bedehuset. I dag har dette begynt å snu. Ungdommen går meir i bedehuset nå. Da vi arrangerte juletrefest i fjor, kom det 70 i alderen 14 til 25.

Basaren startar klokka 16:00 på Fosen bedehus komande laurdag.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: