Odelsgut og avaldsnesbu arrangerer opera på låven. – Lokalet skaper ei jovial, uhøgtideleg stemning

Komande laurdag flyttar Ole Morten Velde traktor og høy ut, og piano og operasongarar inn på låven på Veldegarden. Her blir det konsert med tittelen «Italiensk aften».

Av: Jogeir Bigset

– Vi har henta fram perler frå det italienske repertoaret, frå «La Traviata» mellom anna, og så blir det ein del «O sole mio»-ting, fortel Velde.

Programmet er delt inn i tre avdelingar, med pausar imellom.

– Det er viktig at folk får treffast. Vi tar sikte på at det blir tid til å preike og drikke kaffi medan artistane har pause.

Velde, som sjølv er operasongar, har fått med seg kjente kollegaer denne kvelden.

– Det er musikarar i toppklasse. Karoline Wettergreen debuterte nyst på Komische Oper i Berlin, eit av dei store operahusa i Europa. Og Hans Petter Tangen er eit pianotalent frå Karmøy, opplyser han.

(Artikkelen held fram etter bildet.)

Ole Morten Velde tok utdanninga si ved Operaakademiet på Musikkonservatoriet i København. Nå jobbar har frilans som operasongar.

Utradisjonell tradisjon

Opera er ein sjangeren som ikkje har noko stort publikum på Karmøy. Det vil Velde gjere noko med.

– Her på Vestlandet opplever eg at få har eit forhold til opera. Når vi arrangerer konsert på låven her, blir det ikkje så stivt, og dermed mindre framandt. Folk kan berre lene seg tilbake og nyte musikken, seier han.

Det er fjerde gongen Velde arrangerer konsert på låven. Noko som har vore suksess kvar gong.

– Tilbakemeldingane eg får både frå publikum og songarar, er veldig positive. Musikarane synest det er kult å vere med på eit så pass utradisjonelt arrangement.

– Eg reknar med at det blir plass til eit publikum på rundt 150, smiler han.