Oceangoing flyttar båtane frå Åkra. – Me treng betre fortøyings- og straumtilgang

Det Åkra-baserte reiarlaget Oceangoing flyttar båtane over til andre sida av øya.

Av: Jogeir Bigset

ÅKRA: Frå nå av vil dei fire offshore-vaktskipa til reiarlaget Oceangoing ha base i Kopervik. Flåtesjef Stacy Ferkingstad synest Karmsund havn har lagt godt til rette.

– Me har behov for skikkeleg fortøyings- og straumtilgang. Det får me i Kopervik, fortel han.

Noko dei ikkje fekk der dei var.

– På Åkra minkar det på næringshamner, då det blir trongt om plassen. Mykje er privateigd og mange aktørar å forholde seg til.

GJEKK DU GLIPP AV? Desse flotte trebåtane har sjel. – Dei har ei eiga lukt, ein eigen følelse

Kontoret blir verande på Åkra.

– Ja, det er litt meir tungvint, meir køyring til Kopervik for å ha tilsyn med båtane. Elles blir det ganske likt, avsluttar Ferkingstad.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: