Nystarta Kopervik gospelkor fekk besøk sørfrå. Sandnes gospelkor rocka

Det er laurdag og kveld i Kopervik. Nesten  130 er samla i kyrkja. På scenen står Sandnes gospelkor. Og backstage ventar Kopervik gospelkor, klare til å bli med.

Av: Jogeir Bigset

– Eg spurte meg sjølv, innleier dirigent Merete Økland Espedal. – Skal vi starte med eit brak, eller fortelje litt om oss sjølve og kvifor vi held på med det vi gjer? Eg landa på det siste.

Så ettertenksame pianotonar før koret stemmer i på Kirk Franklins «Why We Sing».

Det svinga skikkeleg da koret henta fram to tradisjonelle gospelsongar dei lærte da dei hadde amerikanske songarinner på besøk, «Come on Children, Lets Sing» og «Elijah Rock».

Så blir Kopervik gospelkor med på scenen scenen; det er tid for fellesnummer.

Siste låt, ein funky song som heiter «All the Way», haustar trampeklapp.

Pangstart

Etter konsertslutt er den nybakte dirigenten i Kopervik gospelkor, Katrine Bush, godt fornøgd med debuten.

– Dette var utruleg gøy. Eg skulle ønske at det hadde vart lenger. Denne konserten har vore viktig for oss. Den fekk oss i gang og har gitt oss noko å jobbe mot. Det blei hakket mindre farleg når vi fekk gå på scenen saman med så dyktige og rutinerte folk som i Sandnes gospelkor, fortel ho.

Oppstarten har vore over alle forventningar.

– Vi tenkte vi skulle starte litt forsiktig, og så møtte 40 på første øving. Kvar måndag klokka åtte har vi øving, så her det berre til å møte opp og bli med, avsluttar ho.

Bildeserien inneheld seks bilde. (Dra til venstre, trykk på pilene.)