Norsk-amerikanar blir heidra på Åkra. – Me er stolte over denne historia

Olav Emil Hansen (t.v.) og Ludvig Egge frå Åkrehamn Vekst vil sette opp minnesmerke og slik heidre Rasmus Tønnesen, åkrabuen som utvandra til New Bedford og hjelpte dei som kom etter.

Av: Jogeir Bigset

ÅKREHAMN: Rasmus Tønnesen, som nå skal heidrast med ein minneplakett i parken på Åkra, er truleg eit uskrive blad for mange. Det vil Åkrehamn Vekst gjere noko med.

– Tønnesen utvandra frå Åkra i 1929. Først til New York, så vidare til New Bedford. Han hadde eit valdsamt godt hjarte. Der borte hjelpte han åkrabuar og andre landsmenn som kom etter, opplyser Ludvig Egge.

Tønnesen hjelpte både med å finne nykomarane arbeid, og han gav kreditt.

– Han var ikkje alltid så nøyen med kor tid han skulle ha pengane tilbake. Mange sa at han var mykje betre enn bankane, fortel Egge og held fram:

– Og tenk deg sjølv: Du reiser over til eit framandt land, og det einaste du har, er to tomme nevar. Då er det godt med nokon som gir litt hjelp.

Sentralt

– Dette er ein som verkeleg hjelpte sine landsmenn. Me bør vere stolte over denne historia, seier Egge.

For at folk ikkje skal gløyme, er det viktig at minnesmerket får ei sentral plassering. Det har Åkrehamn Vekst funne.

LES OGSÅ: Årets Karmøy Maraton går mot rekord. Søndag testa dei løypa

Minnesmerket skal plasserast i sentrumsparken på plenen mot Elkjøp.

– Dette er ein plass der mykje folk går forbi, så dette blir synleg, seier Egge, som òg legg til at sjølve minnesmerket består av ein plakett, ei metallplate med innrissa skrift, som skal vere festa til ein stein.

– Der er både norske og amerikanske flagg teikna, og den viktigaste delen av historia skriven, forklarar han.

LES OGSÅ: Oceangoing flyttar båtane frå Åkra. – Me treng betre fortøyings- og straumtilgang

Avduking

Vest Karmøy sjømannsforening og Rasmus Tønnesens etterkomarar i New Bedford er med og finansierer.

Går alt etter planen, vil minnesmerket vere klart for avduking i mai neste år.

– Me håpar å få til ei lita markering under Glade maidagar-arrangementet, avsluttar Egge.

TIPS KARMØYFOLK PÅ TELEFON 957 80 298.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: