Når Ferkingstad skule inviterer til bygdefest, gjer dei det til gagns

SKULE: Masse folk, korps, loppemarknad, grilling – og elles plenty med leik og moro. Det mangla ikkje på noko da foreldre og elevar samla seg på skulen torsdag ettermiddag. Sjå bildeserie nedst.

 Av: Jogeir Bigset

«Sol ute, sol inne» syng skulekoret etter at korpset har varma opp. Det funkar. Dei grå skyene som nyst hang trugande på himmelen, er vekk.

Og elevane har eit takknemleg publikum. Foreldre og besteforeldre er rause med applausen.

(Artikkelen held fram under reklamen.)

– Elevane var fantastisk flinke, altså. Eg er imponert over kva dei får til og ser at lærarane har kustus på elevane. Det både treng og likar barna, smiler Helge Aksnes som nå er pensjonert lærar.

Etterpå er det flust i aktivitet ute i skulegarden. Folk preikar og kosar seg med grillmaten som FAU sel. Barna kastar ball på boks, skyt på blink med luftgevær og kastar pilar.

Inne i gymsalen er det loppemarknad, og mang ein ferkingtadbu gjer kupp.

– Skulen samlar inn lopper som vi sel her i kveld. Det er fjerdeklassingane som både set prisar og står for salet. Inntektene brukar vi til å ruste opp skulegarden eller kjøpe inn kjekke bøker til biblioteket, fortel rektor Mona Rasmussen Sævik.

 I klasserommet til sjuande fyller hårspray-lukt lufta. Her er det frisørsalong for anledninga, og den som vil, kan få styla håret for ein billeg penge.

Bildeserien inneheld 18 bilde og éin annonse. Dra til venstre eller trykk på pilene.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: