Nå gir kommunen gratis kultur- og fritidsaktivitetar til barn og unge som lever i fattigdom

Karmøy kommune innfører nå eit opplevingskort som gir barn og unge gratis tilgang til kultur- og fritidsaktivitetar.

Av: Jogeir Bigset

FATTIGDOM: Ikkje alle familiar har like god råd. Fleire Karmøy-barn lever i det som heiter låginntektsfamiliar. For å sikre at også desse barna skal ha tilgang til kultur- og fritidsaktivitetar, har kulturavdelinga i Karmøy kommune innført eit opplevingskort.

Dette opplevingskortet gir gratis inngang ved Karmøy kommunale kino, bading i Karmøyhallen og arrangement i regi av kommunen.

LES OGSÅ: 755 Karmøy-barn lever i fattigdom

I tillegg kan låginntektsfamiliane søke om støtte til medlemskap i frivillige organisasjonar som til dømes idrettslag, korps, speidar og liknande. Kommunen dekker òg eigenandelen for undervisning i kulturskolen.

Sjå korleis du kan søke her.

Nå er det viktig at folk bruker tilbodet.

Det var Karmøy Venstre som gjekk i bresjen for at kommunen skulle løyve pengar til eit slikt opplevingskort. Yngve Folven Bergesen (V) er godt fornøgd med at det nå endeleg er på plass.

– Det har tatt lang tid, og etter mitt syn har det vore nødvendig med mykje trykk frå politisk hald for å få det på plass. Eg kjem til å følge opp framover for å få oversikt over bruken av tilbodet, skriv han i ei melding til Karmøyfolk.

Varaordførar Leiv Malvin Knutsen (KrF) sa tidlegare i år at viss det nå viser seg av folk brukar tilbodet, blir det lettare for politikarane å løyve meir pengar og på det slik utvide tilbodet.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: