– Me vil skape folkefest. Hinderløpet The Beast startar komande laurdag

Komande laurdag får publikum sjå 720 sprekingar kjempe seg gjennom den blytunge hinderløypa The Beast i Skudeneshavn. Gunvar Mjølhus gler seg.

Av: Jogeir Bigset

SPORT: Denne søndags ettermiddagen er det hektisk aktivitet på Skudenes stadion. Somme er i full gang med å bygge hinderløypa, andre testar ut hindera som er ferdigbygde. Primus motor og leiar Gunvar Mjølhus tar seg ei pause frå dugnadsarbeidet.

– Me har laga eit utruleg kult målområde i år. Her er det sett opp tolv av dei mest action-fylte hindera, så her får publikum verkeleg sjå deltakarane ta dei tøffe taka, fortel han og held fram:

– I tillegg er mange hinder samla oppe på Allmannamyr og golfbanen.

The Beast er kjent for bra publikumsoppslutning.

– Me har alltid hatt bra med publikum. I fjor hadde me rundt 1000 her, og det reknar eg med at vi får i år òg, fortel Mjølhus.

LES OGSÅ: Karmøylærar tente 900 000 på børsen. Og det på under eitt år. Slik gjorde han det

I målområdet kjem det til å vere buer med sal av trenings- og helsemat, pluss at LM Baptista arrangerer aktivitetar for barn. SUIL står for kiosksalet.

– Ofte ser me at publikum får treningsmotivasjon av å sjå på. Når dei ser at han eller ho klarar eit hinder, tenkjer dei at det der skal jaggu eg òg klare, smiler Mjølhus.

Kul løype

Leif Håkon Hansen testar ring-hinderet. Han gler seg til laurdag.

Ja, det blir kjekt. Me har sett opp mange kule hinder i år, smiler han.

(Artikkelen held fram etter bildet.)

– Har du konkurranseforma inne nå, då?

– Tja. Det har vore bra med vektløfting, så å komme over hindera skal gå bra. Men det har vore verre med jogginga. Eg skulle ønskje det stod betre til med kondisen, medgir han.

Årets løype er seks kilometer lang og inneheld over 40 hinder.

– Det er ei utruleg tung løype, men likevel noko alle kan klare. Vårt motto er: Gjennomførbart for dei fleste, utfordrande for dei beste, fortel Mjølhus.

LES OGSÅ: Barna diggar dette nye leiketøyet som nå ligg i hamna på Sandve

LES OGSÅ: Karmøy gjer det stadig dårlegare i NHOs Kommune-NM

Det blir definitivt tunge tak for årets deltakarane. Mjølhus fortel at dei skal gjennom over 40 hinder. Dei skal både krype og springe i bekk, senke seg ned i ein tank med isvatn, forsere ringhinder og klatre over ein tre og ein halv meter høge veggar – for å nemne noko.

(Artikkelen held fram etter bildet.)

3,5 meter høge hinder deltakarane skal over.

Junior og familie

Nytt av året er junior- og familieløpet, som er for dei i alderen seks til 14 år. Deltakarane der får springe ei løype på to kilometer og skal over cirka 16 hinder.

– Me har fått 80 påmelde i denne konkurransen. Første juniorløpet startar klokka 09:30, og løpet for dei vaksne startar klokka 11:00, avsluttar Mjølhus.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: