Manglar barna sommar-aktivitetar? Karmøy Frivilligsentral arrangerer flust. Og i år – heilt gratis

SOMMAR PÅ KARMØY: Nå når det er sommar og skolefri, endar somme opp med å gå heime utan noko å ta seg til. Det er det ingen grunn til. I alle fall ikkje tre første vekene i juli.

Av: Jogeir Bigset

Da arrangerer Karmøy frivilligsentral IOGT i samarbeid med Karmøy kommune årets Kongesommar. Eit opplegg spekka med varierte aktivitetar for barn i skolealder. Her kan dei boltre seg i klatring, kanopadling, nysirkus og mykje, mykje meir.

– Mange trur tilbodet berre er for økonomisk vanskelegstilte. Det er feil. Dette er for absolutt alle, poengterer dagleg leiar på frivilligsentralen, Brit Turid Valhammer.

Ho er opptatt av at barna har godt av å komme seg ut om sommaren. At dei skal ha det kjekt.

– Dette gir nye opplevingar. Her får barna teste ut forskjellige ting. Og mange finn ut kva fritidsaktivitetar dei vil begynne på til hausten. Det vere seg klatring, nysirkus eller andre kjekke ting.

Atikkelen held fram etter bildet.

Frå fjorårets Kongesommar. Foto: Karmøy Frivilligsentral IOGT

Gratis

Det er tiande sommaren at det blir arrangert Kongesommar på Karmøy. Takka vere økonomisk støtte frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUFDIR) blir alle aktivitetane for første gong heilt gratis.

– Denne støtta gir oss ei enorm fridom. I år har vi råd til å tilby gratis skyss med buss for alle, og vi kan arrangere dyrare aktivitetar.

Somme av aktivitetsdagane må ein melde seg på på førehand, andre er det berre til å stikke innom.

– Dei som treng skyss, må ta kontakt. I tillegg må vi vite kor mange som blir med på bading i Tysværhallen og kor mange som skal ete når ernæringsspesialisten Reidun Høines skal halde matkurs, forklarer Valhammer og legg til:

Det blir forresten ein dag med opplegg ikkje berre for barna, men heile familien.

Noko for ein kvar smak

Tidlegare har ikkje Kongesommar vore så populært blant dei over 12-13. Noko det blei ei forandring på i fjor.

– Da arrangerte Naomi Bratthammer, ho som har nysirkus-dagane, parkour. Det fenga dei litt eldre og som likar spenning. Her fekk barna lære å falle, hoppe frå høgder og slikt. Dei som deltok, hadde det kjempekjekt, fortel Valhammer.

At det blir tre hektiske Kongesommar-veker, er sikkert. Lista over aktivitetar er lang. Det blir mellom anna padling på Lille Fotvatnet, geocaching i Kopervik, sykkelopplæring og enda, enda meir.

Påmelding er på telefon 957 51 012 eller iog-friv@online.no.

Sjå programmet her: kongesommer-2017

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: