Madame Parfymeri feirar 35. Har hatt både opp- og nedturar

– Kontakten med kundane har gjort det verdt å halde på i alle desse åra, smiler innehavaren, Hellen Karin Lund.

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: Lund tar seg ein pause frå handlande kundar og hyllemeter tettstabla med hud- og hårpleieprodukt, under- og badety, vesker og toalettvesker – og ja – parfymar. Masse parfymar. Eller «dufter», som innehavaren helst kallar det.

Ho fortel korleis 35-årsdagen til Madame Parfymeri skal feirast:

– Me er så heldige at me har fått Mauritz frå Clarins på besøk. I morgon, fredag, held han sminkedemonstrasjon. Laurdag serverer me kaffi og glutenfri kake. Og ikkje minst, me har masse gode tilbod. Så her der det første mann til mølla.

Artikkelen held fram etter bildet.

Mauritz og Camilla Hauerbach

Tøffe tak

– Det har vore både «ups and downs», medgir Lund då ho ser tilbake på 35 års butikkdrift.

Spesielt fødselen var tøff, og det i dobbelt forstand.

– Eg var seks månadar på veg då eg hausten 1982 tok over butikken. Midt i julehandelen hadde eg innbrot i butikken, og fødde første dottera mi to dagar seinare, humrar innehavaren.

LES OGSÅ: Utflytta Kopervik-slekt donerer flotte antikvitetar. Historielaget lagar utstilling. Sjå bildeserie

– I1988 medan Gågata blei opparbeidd, var det tøft for alle butikkane i byen. Men takka vere trufaste kundar klarte me oss gjennom det.

Òg handelslekkasje har butikken fått merke. Då dei opna på Raglamyr, minka det på kundar.

LES OGSÅ: BILDESERIE: Vrimledagen i Kopervik ber namnet med rette. Tjukt i folk i gatene

Oppgangstider nå

Nå om dagen er Kopervik inne i ein veldig god periode.

– Eg merkar at me har ein ny positivitet i byen. Folk skryter av byen sin. Yngre folk, spesielt. Siste åra har det vore meir og meir, at me får tilbakemeldingar på at folk er glade over å ha butikkar i sentrum av Kopervik, fortel Lund.

Artikkelen held fram under bildet.

Line Kling jobbar i butikken.

Satsar friskt

Etter så mange år held Madame Parfymeri framleis koken. Det manglar ikkje på satsingsvilje. Lund har ikkje tenkt å gi seg med det første.

– Eg satsar vidare. Det er utruleg kjekt å drive for seg sjølv. Du er din eigen sjef. Og så er det eit veldig sosialt yrke. Eg kjem i kontakt med ein masse kjekke folk, avsluttar ho.

LES OGSÅ: PORTRETT: Kunstnar feirar 80 med salsutstilling i Kopervik kulturhus. – Det blir gøy, men òg litt skummelt

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: