Laurdag spelar The Teddybears på Backbeat. – Vi vil gjenskape 60-talsmagien

– 60-talsmusikken, veit du, den er genial i si enkelheit, så frisk. Og for oss som vaks opp da, er det «the soundtrack of our lives». Dette blir ein skikkeleg mimrekveld, smiler primus motor i Backbeat, Finn Willy Fosen.

Av: Jogeir Bigset

Fosens 60-tal står nok friskt i minne for mange andre karmøybuar òg. Da møttest langhåra gutar og miniskjørkledde jenter med tuppert hår på dans – onsdagar på Dalen, fredagar i Skudenes, laurdagar på Åkra og søndagar på Folkets hus i Kopervik.

Til tonane frå lokale heltar som The Hooligans, Rebels og The Zanies rocka ungdommane seg gjennom natta. Fulle slost. Danseglade dansa. Og musikkinteresserte sat på galleriet og digga. Eller var det kika på jentene dei gjorde?

– Største hiten den gongen var «Donna», og den blei spelt sist. Det var klinedansen. Var det ei du ville by opp, var det siste sjanse, mimrar Fosen.

(Artikkelen held fram etter bildet.)

SEKSTITALSHELTAR: Karmøybandet The Teddybears

Betre enn Elvis, nesten

Nå er det tolvte år på rad at Backbeat-gjengen arrangerer 60-talsfestival i Kopervik. Dei gjentar fjorårets suksess med å arrangere om bord i M/S Sandnes som ligg til kai i Kopervik den helga i anledning Karmøygeddon-festivalen.

– Det er eit perfekt lokale for oss. Akkurat passe stort til 150 menneske og med dansegolv.

På scenen står The Teddybears, bandet til tidlegare The Hooligans-vokalist og skudenesbu Jan E. Valhammer.

– Det blir 60-talssvisker og Elvis. Og det blir bra. Valhammer, han syng Elvis betre enn Elvis gjorde sjølv, i alle fall nesten. Det er heilt utruleg å høyre på, fortel Fosen.

Mimrekveld

Før teddybjørnane går på scenen er Kjell Olav Leirvåg DJ. Han har for anledninga leita fram norske klassikarar frå epoken og innspelingane til lokale band.

– Vi vil hente fram igjen musikkopplevingane frå ungdommen og mimre. Og det er noko folk set pris på. Folk synest det er kjekt. Vi får mange positive tilbakemeldingar. Noko som heilt klart er ein del av drivkrafta for oss i Backbeat-gjengen, fortel Fosen.

Billettsalet har tatt seg opp siste dagane.

– Dei som vil ha billett må kjappe seg. Vi har nesten selt ut alle.