Kystkulturdagane på Åkra blei suksess. Og koperviking vart karmøymeister i rekepilling

Masse folk hadde funne vegen til Mortholmen denne laurdagen. Og inne på sildesalteriet var det stor stemning da karmøymeisteren i rekepilling skulle kårast. Sjå bildeserie nedst.

Av: Jogeir Bigset

– Klar, ferdig, gå! seier dagens konferansier, Jarle Nilsen, i mikrofonen.

Damene som deltek, heller rekene kjapt ut av plastbegeret, reinskar i djup konsentrasjon. 22 reker skal på kortast mogeleg tid frigjerast frå hovud og skal. Og her det ikkje rom for slurv; er ikkje dommaren tilfreds med arbeidet, blir dyrebare sekund lagde til.

Etter to semifinalar er vi nå komne til finalen.

– Ja, ferdig! ropar Margaret Hystad.

Ho er først ferdig.

Dommaren granskar resultatet. Han godkjenner. Rekene er reinska etter alle kunstens reglar. Og Karmøys nye meister er med det kåra.

– Dette var kjempekoseleg berre å vere med. Og å hanke pokalen heim var ekstra stas, seier vinnaren.

Artikkelen held fram etter bildeserien. Trykk på pilene, eller dra til venstre. 

Mykje folk

Leiar i Åkrehamn Vekst, Per Inge Eriksen, er godt fornøgd med oppmøtet.

– Ja, på pubkvelden i går kveld var her bra med folk. Og i dag har vi fått fint vêr og mange har funne vegen.

Han gleder seg både til seinare i kveld og morgondagen.

– Vi har selt ganske mange billettar til i kveld. I morgon er det duka for palleløp, og så går molo til molo-løpet til Skoi av stabelen. Det trur eg blir kjekt, seier han.

 

FLEIRE SAKER FRÅ ÅKRA FØLGJER NEDANFOR: