Kunstnar feirar 80 med salsutstilling i Kopervik kulturhus. – Det blir gøy, men òg litt skummelt

Det seier Harald M. Anthonsen, som nå oppsummerer eit langt liv i kunstens teneste med utstillinga «Man reiser ikke for å komme frem» komande helg. Nå er han spent på korleis mottakinga blir.

Av: Jogeir Bigset

PORTRETTINTERVJU: – Nei, han har ikkje eigen mobiltelefon, men brukar kona sin, fortel Aud Marit Løwehr da Karmøyfolk etter lang tids forgjeves leiting på internett, til slutt ringer Karmøy kunstforeining.

Vi møter kvarandre i kjellaren på kulturhuset i Kopervik rett utanfor atelieret til Anthonsen. «Kunsten er bare mulig fordi ingenting er riktig,» står det skrive på døra.

Anthonsen, iført blå dongeri og chelsea-boots i brunt skinn, helsar vennleg. Vi slår følgje éin etasje opp der han for tida legg siste hand på utstillinga. Alt er straks klart.

– Her heng det kunstverk frå heile kunstkarrieren min. Som du ser har eg vore innom mange ulike stilartar oppgjennom åra, smiler han.

Bilda, som er veldig ulike, gir til saman ein slåande effekt. Her heng linoleumstrykk, etsingar, måleri og teikningar om ein annan. Somt figurativt. Somt abstrakt. Nokre bilde er fargeglade, andre i svart-kvitt.

– Motiva hentar eg frå alle moglege stadar. I periodar har eg vore opptatt av bibelske forteljingar, andre gongar naturen. Og kvinner, forklarar kunstnaren og held fram:

– Eg håpar bilda mine kan føre sjåarane vidare. At dei kan setje i gang tankar og følelsar.

Bildeserien viser åtte av bilda som skal stillast ut. Trykk på pilene, eller dra til venstre. (Artikkelen held fram under.)

Dårleg tid

Vel nede i atelieret, medan kunstnaren serverer sterk pulverkaffi, forklarer han den litt underfundige tittelen på utstillinga.

– For ein mann i min alder, veit du, er det ikkje noko mål å komme fram fortast mogleg, men heller gi seg tid. Det er sjølve reisa som er målet.

Åttiåringen, rak i ryggen som han er, verkar full av energi.

– Eg har så mykje eg vil lage, så mange menneske eg vil treffe. Ingen veit ikkje når avslutninga kjem, men i min alder veit vi den er nær.

Han smiler og stryk den lange luggen bakover.

– Du veit, når folk i min alder les avisa, startar dei ofte med dødsannonsane. Men ikkje eg. Det står skrive så mykje anna og meir spennande på dei andre sidene. Men ja, eg skummar gjennom dei til slutt, humrar han.

(Artikkelen held fram under bildet.)

I teiknehjørnet.

Jobbar kvar dag

Atelieret har vore Anthonsens siste 13 åra, her har han samla eit heilt kunstnarliv. Dei lyse veggane er dekte av alskens teikningar og måleri. Hyllene med penslar, målingstubar og verktøy berre kunstnarar veit namnet på.

At rommet tilhøyrer ein med estetisk sans, er tydeleg.

Her jobbar Anthonsen kvar dag.

– Eg startar dagen borte i teiknekroken. Der sit eg ein times tid og drodlar, hentar fram idéar.

Så etter kaffipause saman med kollegaane på huset, går Anthonsen i gang med arbeidet igjen.

– Kunsten er ein langsam prosess. Eg kan halde på med eit bilde i over ti år.

Han leitar fram eit oljemåleri som viser eit islagt tjern med fjell og lafta stover rundt.

– Dette har eg halde på med lenge. Målet er å lage eit bilde der ingenting skjer i midten. Eg har måla vekk og måla på fleirfaldige steinar, hus og tre.

Om bildet er ferdig, eller nokon gong blir det, veit han ikkje.

Den gode samtalen

I eine hjørnet, framfor hyllemeter med bøker, står to velbrukte lenestolar. Her dyrkar Anthonsen samtalekunsten.

– Kva er ei spegelvend sanning? spør han og smiler.

Slike tema diskuterer han og kameratane når dei stikk innom. Det går i kunst, poesi og livet elles.

– Eg dyrkar den gode samtalen. Det er noko vi har altfor lite av nå til dags. Samtalar der ingen av partane sit på sanninga, men saman kjem fram til ny og betre forståing, forklarer han.

Anthonsen er glad i å lese og hentar mykje inspirasjon i litteratur og poesi.

– Eg må ha eit dikt eller to om dagen. Elles er eg veldig glad i Goethe. Han skreiv fantastisk.

Eit rom for samtale.

Sjølvtrykt er veltrykt

Alle bilda som blir stilte ut, er til sals. Folk er velkomne inn i atelieret òg. Der er enda meir kunst lagra. Anthonsen har tenkt ut eit litt spesielt opplegg for dei som vil kjøpe linoleumstrykk.

– Ser folk eit dei vil kjøpe, kan dei bli med ned i atelieret og trykke det sjølve. Da vil eg signere det, samt skrive på at kjøparen har trykt det, forklarer han.

Utstillinga opnar laurdag 10. juni klokka 12:00 på Kopervik kulturhus. Du kan oppleve den kvar dag mellom 12:00 og 15:00 fram til 18. juni.

Anthonsens korktavle.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: