Kor e Mor inviterer til festaftan saman med Nordic Tenors. – Det blir høg latterfaktor

Komande laurdag inviterer Kopervik-koret Kor e Mor til festaftan på Karmøy kino saman med Nordic Tenors.

Av: Jogeir Bigset

KONSERT: Det er måndag kveld. Lyse vokalharmoniar fyller musikkrommet på Kopervik skole. Damekoret Kor e Mor har øving og gjer nå siste finpussen på repertoaret til laurdagens konsert.

Dirigent Karina Lange veit korleis ho vil ha det:

– Det skal vere luftig og lett. Først la-la. Så lo-lo. Ta haka langt ned og lag ein rund o, slik, instruerer ho og viser med djup stemme før ho tel inn koret, og dei gjer eit nytt forsøk.

Artikkelen held fram under bildet.

Dirigent Karina Lange

– Ja, nå funkar det. Knallbra, strålar ho fornøgd.

Vil lage god stemning

Kor e Mor er ikkje berre i rute med det musikalske, men billettsalet òg. Konserten som skal finne stad i største kinosalen på Karmøy kino, er snart utseld.

– Dette blir ein festaftan med høg kvalitet og latterfaktor, fortel presseansvarleg i Kor e Mor, Unni Østhus.

Artikkelen held fram under bildet.

UNNI ØSTHUS: – Det er utruleg kjekt å få til eit samarbeid med Nordic Tenors.

Programmet dei har sett opp, er variert.

– Me skal synge mykje pop og rock. Frå nyare songar som Meghan Trainors «All About That Bass» til perler som «It’s Raining Men», fortel Øshus og held fram:

– Medan Nordic Tenors, som er ute på turneen «Con Amore», er kjente for å synge opera-songar med eit humoristisk tilsnitt. Dei har mellom anna vunne komiprisen.

Koret og tenorane skal ha kvar sine bolkar denne konserten, før dei til slutt foreinar krefter i ein grand finale på heile fire fellesnummer.

Artikkelen held fram under bildet.

LES OGSÅ: Voice of Joy gjesta Vedavågen kyrkje. Det blei høgtidsstemt. Det blei trøkk

LES OGSÅ: Nystarta Kopervik gospelkor fekk besøk sørfrå. Sandnes gospelkor rocka

Eit kor i vekst

Kor e Mor har hatt ei veldig medlemsauke siste åra.

– For to år sidan bestod koret av 12 koristar. I dag er me 39 og har folk som står på venteliste for å bli med. Det er utruleg kjekt.

At Nordic Tenors tok kontakt og foreslo eit samarbeid om ein konsert, var ein sjanse koret ikkje kunne takke nei til.

– Dette er kjempegod reklame for oss. Framover ønskjer me å komme ut og opptre på julebord, kurs og konferansar. Så dette er ein fin sjanse for oss å vise fram repertoaret vårt til ulike verksemder, fortel Østhus.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: