Kopervikingane spleisar på julelys i sentrum. Har samla inn 27 420 allereie

Skøyteleidningar og julelys i Kopervik sentrum treng oppgradering. Byen vår Kopervik inviterer til spleiselag.

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: 31. oktober kom meldinga frå Byen vår Kopervik:

«Bli med og skap tradisjonsrik julestemning. Deler av skjøteledninger og julebelysningen som vi bruker i sentrum trenger sårt opprustning og utskiftning. Vi ønsker å lyse opp, og å pynte by sentrumet vårt slik det fortjener i førjulstiden. (…) Bli med og spleis.»

Tre dagar seinare, fredag, hadde 70 givarar donert til saman 27 420 kroner.

– Me er overvelda over engasjementet og beløpet som har komme inn, skriv Byen vår Kopervik på Facebook.

LES OGSÅ: Oceangoing flyttar båtane frå Åkra. – Me treng betre fortøyings- og straumtilgang

Julegateopning

Kopervik tenner lysa i julegata torsdag 16. november. Det skal, tradisjonen tru, markerast med mellom anna fakkeltog gjennom byen og julegrantenning i parken.

TIPS KARMØYFOLK PÅ TELEFON 957 80 298.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: