Kopervik toppar tabellen etter siger over Nærbø. – Vi fortener kvart eit poeng

Det sa Kopervik-trenaren, Ståle Hetland, sist måndag da Karmøyfolk hadde han i tale.

Av: Jogeir Bigset

FOTBALL: Etter 5–1-sigeren over Nærbø på heimebane torsdag kveld, har Kopervik, med ni spelte kampar, gått til topps i 4. divisjon avdeling 2. Laget har nå 20 poeng.

Kopervikingane må nyte plasseringa medan dei kan. Det varer kanskje ikkje lenge. Tabelltoar, Frøyland, har med åtte spelte kampar tatt 19 poeng. Deira niande kamp er like om hjørnet.

Karmøyfolk snakka med Hetland etter sigeren over Ålgård sist måndag. Hans forklaring på tabellklatringa: hardt arbeid.

– Det skyldast at vi har vore grundige, jobba strukturert, forklarer han.

KAMPFAKTA:

Kopervik–Nærbø 5–1 (3–0)

Åsebøen stadion

Mål: 1–0 Kjetil Vatland Olsen, 2–0 Ernest Rzepecki, 3–0 Kjetil Vatland Olsen, 4–0 Lars Erik Austevik, 4–1 Mål til Nærbø, 5–1 Kjetil Vatland Olsen

Dommar: Henning Skorpe, Sportsklubben Vedavåg Karmøy

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: