Kopervik-speidarar berga fem i havsnød under adventseilasen søndag

Under Karmøy seilforenings adventseilas søndag kollsigla ein av deltakarbåtane. Fire roverar frå Kopervik KFUK-KFUM  stod for redningsaksjonen.

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: Turen blei meir spennande tur enn planlagt for dei fire rover-speidarar frå Kopervik KFUK-KFUM som deltok i søndagens Adventseilas med seglbåten MS «Baljå» (bildet). Skipper og speidarleiar, Per Melvær, fortel at dei var rett utanfor Skjærsund ved Kopervik då dei heldt på å bli forbisegla.

– Der var det mykje bølgjer då ein av deltakarbåtane, ein Jodd 24, kom opp på sida av oss. Sterk kastevind nordanfrå fekk den forbipasserande  til å velte, forklarar han.

Mannskapet på fem hamna i sjøen. Heldigvis gjorde handlekraftige roverar alt rett. Skipperen gav berre enkle beskjeder.

– Karane gjorde ein effektiv og god jobb. Dei låra seglet og snudde båten kjapt, slik at me fekk hala dei fem skipbrotne opp av sjøen, fortel ein tydeleg stolt speidarleiar.

GÅTT GLIPP AV? Ung koperviking prøver lykka hos SL Benfica. – Det er kjekt, men tøft fysisk

Medan redningsarbeidet gjekk føre seg, sokk den kollsigla båten. Dei skipbrotne hadde alle på seg flytedrakter og var i god form då dei kom om bord i MS «Balja».

Roverane er i alderen 20–25.

– Er dette situasjonar dokker har trena på?

– Nei. Me har berre snakka om rutinane ved mann over bord-situasjonar, seier Melvær.

TIPS KARMØYFOLK PÅ TELEFON: 957 80 298

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: