Kopervik skole sette foreldra på skolebenken. Barna hjelpte til – heldigvis

Kopervik skole har vore iPad-skole i knapt eit år nå. Ei omstilling for både lærarar og elevar. Denne ettermiddagen fekk foreldra teste ut det nye hjelpemiddelet.

Av: Jogeir Bigset

– Éin, to tre. Klapp! seier læraren i første klasse, Henriette Kaldheim. Alle i klasserommet klappar éin gong i hendene.

– Det er slik vi gir applaus nå, forklarar ho.

Den eine klappen var for underskrivne og dottera, som begge nå er ganske kry. Dei har akkurat vist fram animasjonsfilmen om Raudhette og ulven som dei har laga på iPad.

Alle foreldra har, med god hjelp frå barna sine, gjenfortalt det kjente eventyret i ei digital bok på iPad. Både i tekst, lyd og bilde.

Dei kjappaste, dei som blei fort ferdige, har laga animasjonsfilm.

(Artikkelen held fram etter bildet.)

Solveig og Bjørn Sigve Traa

Solveig Traa, mora til førsteklassingen Bjørn Sigve (6), har fått god iPad-hjelp frå sonen.

– Dette var ganske kjekt. Det er spennande å sjå korleis dei jobbar i klasserommet nå for tida, fortel ho.

Traa har godt inntrykk av iPaden som hjelpemiddel i undervisninga.

– Eg merkar dette er motiverande og har inntrykk av at det blir lettare for lærarane å tilpasse skolearbeidet.

Fornøgd

Rektor på skolen, André Nordanger, er glad for at foreldra viser så stor interesse.

– Når barna får sjå at foreldra kjem til skolen og brukar tid på eit slikt opplegg, ser dei at dei bryr seg. Noko som er viktig for elevane våre, ja, for heile skolen. Det gir oss eit skikkeleg løft.

Etter at alle elevane på skolen fekk eigen iPad, har det blitt mange nye arbeidsmåtar i klasserommet.

– Vi hadde lyst til å vise fram korleis vi jobbar på skolen nå, at foreldra skulle på oppleve ei undervisningsøkt der vi brukar iPad som hjelpemiddel. Og så er det kjekt for elevane å få hjelpe foreldra sine, forklarer Nordanger.

Både elevar og foreldre deltok òg på quiz denne ettermiddagen. – Den var ganske enkel, seier Andrea Linde (6).

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: