KILs nye damelag ser lyst på framtida. – Me kjem til å vinne masse kampar

Trenaren rosar Koperviks nye damelag etter andreplassen i Eigers dameturnering denne helga.

Av: Jogeir Bigset

FOTBALL: Koperviks nye senior damelag – eit samarbeid der spelarar er henta frå fire klubbar: Åkra, SK Vedavåg, SUIL og KIL – deltok i Eigers dameturnering denne helga. Samarbeidet blir rekna som historisk, og i forkant var det knytt ei viss spenning til korleis dette skulle gå.

– I denne turneringa viste spelarane samarbeid på eit høgt, høgt nivå. Eg er mektig imponert. Spelarar frå fire klubbar jobba saman som eitt lag. Ingenting tydde på at dette var første gongen me spelte saman, slår trenaren Andre Hermansen Fiskum fast og held fram:

– Spelarane fylte rollene dei var tiltenkte, jobba for laget og gjorde ein fantastisk innsats.

Finale

I finalen søndag møtte KIL tredjedivisjonslaget Eik. Det blei hard motstand.

– Eit godt lag. Eik kjempa heilt i toppen førre sesong, og i år satsar dei på opprykk. Likevel var KIL-jentene heilt klart best i første omgang og skapte flest sjansar. Berre uflaks gjorde at me låg under med to mål til pause, seier trenaren.

Alt i alt er Fiskum godt fornøgd, 4–0-tapet til trass.

– Me ligg i 4.-divisjon, og denne kampen viser at me har veldig god sjanse til å rykke opp. Framtida ser lys ut; me kjem til å vinne masse kampar.

Laurdagen spelte kopervikingane to kampar. Med ein siger og ein uavgjort vann dei puljen.

– Me har hatt ei kjempehelg der me jobba med både det sportslege og sosiale. Har blitt kjente med kvarandre både på og utanfor banen, avsluttar Fiskum.

Tips Karmøyfolk på telefon 957 80 298.