Karmøylærar tente 900 000 på børsen. Og det på under eitt år. Slik gjorde han det

– På det beste steig verdien på aksjane mine med 110 000 i løpet av éin dag, fortel Trond Tunes. For ein mann som til dagleg jobbar som lærar, er det slett ikkje verst. Les òg hans seks aksjetips nedst.

Av: Jogeir Bigset

«Greed is good», sa Michael Douglas då han spelte børshaien Gordon Gekko i filmen «Wallstreet». Bortsett frå suksess på børsen har Tunes lite til felles med Gekko. Røyker verken sigar eller går i armanidress. Men framstår som vennlegheita sjølv der han helsar Karmøyfolk velkommen heime på Kolnes.

– Nei, det har lite med grådigheit å gjere. For meg er det spenninga ved å halde på som er det viktige. Konkurransen motiverer. Det er både interessant og lærerikt å følgje med, smiler han.

Og spesielt moro har det vore siste året, etter at Tunes såg stort potensiale i det nystarta firmaet Nano. Eit selskap som utviklar kreftmedisin og kan vise til lovande resultat.

– Eg gjekk gjennom årsrekneskapen og driftsresultatet. Studerte historikken og såg at mange hadde trua på firmaet.

Tunes satsa 300 000 i mars 2016 og fekk rett. Resultatet blei eventyrleg.

– Målet då eg investerte, var å kjøpe meg ein liten båt. Så gjekk det så bra at eg begynte å tenke på bil. Men i desember hadde aksjane stige med over 500 prosent, og det enda med at eg kjøpte hus, gliser Tunes.

(Artikkelen held fram under bildet)

Frå venstre: Mariann Johannesen, Sara (9) og Trond Tunes.

Med jamne mellomrom, dagen gjennom, går Tunes inn på internett og sjekkar aksjekursen. Sambuaren Mariann Johannesen les han som ei open bok når han kjem heim frå arbeid.

– Han seier som oftast ikkje noko idet han kjem inn, men har aksjane stige mykje, ser eg det på han. Det er akkurat som om han går på skyer. Smiler får øyre til øyre. Og så etter ei stund, viss eg ikkje spør, seier han gjerne: «Veit du kor mykje eg har tent i dag, eller?», fortel ho.

I desse dagar ventar Tunes på at kreftmedisinen til Nano skal få endeleg godkjenning.

– Får den det, kan eg vente fleire hundre prosent vidare stigning.

Snudde tap til gevinst

Tunes blei biten av aksje-basillen allereie i 2007. Noko som skulle ende i ein skikkeleg hybris.

– Ein kollega av meg dreiv på, noko som gjorde meg nysgjerrig. Eg var heilt blank, kunne ingenting. Men første gongen eg satsa, tente eg 10–15 000 og tenkte: «Wow! Dette var jo enkelt.»

Og da Tunes i same perioden tente 130 000 på leilegheitssal, var han ikkje sein i vendinga. Satsa alt på børsen.

– Det blei nokre mørke dagar, det. Eg sat igjen med knappe 30 000. «At eg kunne vere så dum», tenkte eg.

Tapet fekk Tunes til å forstå at han måtte lære faget. Han leitar fram to tjukke bøker, «Aksjeskolen» og «Aksjekjøp og daytrading», som han viser fram.

– Desse har vore biblane mine siste åra, eg har lese dei frå perm til perm, fleire gongar. Bøkene fekk meg til å forstå at eg må legge ein langsiktig strategi, og at den må eg stå ved uansett korleis deg går.

Reint risikomessig er det betre å satse på store veletablerte selskap. Men det appellerer ikkje til kolnesbuen.

– Det er på nye, ukjente selskap ein kan få dei store og raske gevinstane. Eg ser etter dei som har funne ei eiga nisje. Slike har størst sjanse for å lykkast. Men samstundes er risikoen høg.

Litt som kortspel

– På den måten at det er vanskeleg å gi seg når du taper, er dette litt som kortspelet poker. Du vil berre satse meir og meir, og på andre kort, for å vinne tilbake det som er tapt. Derfor seier eg alltid: Sats aldri meir enn du har råd til å tape.

Ein av dei store farane, ifølge Tunes, er viss aksjespekulanten begynner å vingle. Ein må binde deg til masta.

– Feilen mange gjer er at dei sel seg ut viss det går dårleg. Da går dei glipp av oppgang som ventar rundt neste hjørne. Har du gjort skikkeleg forarbeid, veit du at kursen vil stige til slutt. Det må du stole på. Taper eg 30 000 ein dag, gjer det meg ingen ting; kursen skal opp, eg veit det.

– Kva er planen vidare – leve livets glade dagar?

– Nei. Hadde eg tatt ut alt på ein gong, kunne eg nok levd som ein konge i omtrent eitt år. Men eg er ein så pass fornuftig type at eg satsar på å ta ut litt og litt av overskotet. Noko som er avhengig av at det går bra framover. Plutseleg kjem eit krakk, veit du. Og da slit eg, flirer kolnesbuen.

Tunes’ seks tips til spekulantspirar

1 Opprett konto på Nordnet eller Netfonds. Der kan kven som helst setje inn pengar og begynne å investere.

2 Tenk langsiktig – aksjekursar går i bølgjer.

3 Gjer grundig forarbeid – studer driftsresultat og årsrapportar.

4 Følg forum på nett. Nettsidene til Hegnar og Stocklink har mykje å by på, men må lesast med kritisk blikk.

5 Sett ein ”stopp loss”. Det betyr at går aksjekursen under ein viss sum, blir den automatisk seld.

6 Ikkje sats meir enn du har råd til å tape.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: