Karmøybu lagar musikk til Hollywood-storfilm. Har laga versjon av Cohen-låt

I superhelt-filmen «Justice League», som har premiere neste månad, kan du høyre musikken til ein utflytta koperviking.

Av: Jogeir Bigset

KULTUR: Saman med artisten Sigrid har Odd Martin Skålnes, som tidlegare budde i Kopervik, tolka Cohen-låta «Everybody Knows». Ifølge Entertainment Weekly opnar tolkinga til dei to artistane soundtracket til filmen «Justice League».

Soundtracket inneheld òg mellom anna The White Stripes» «Ichy Thump» og Gary Clark Jr. si tolking av  The Beatles´ «Come Toghether».

Filmen har premiere 17. november.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: