Karmøy gjer det stadig dårlegare i NHOs Kommune-NM

I årets Kommune-NM ligg Karmøy på 93.-plass. Det er 15 plassar ned i forhold til i fjor.

Av: Jogeir Bigset

Kvart år kårar NHO det dei meiner er landets mest attraktive og berekraftige kommunar. Karmøy kommune gjer det stadig dårlegare i kåringa. Ein trend som starta i 2014.

I denne kåringa blir landets kommunar samanlikna innanfor kategoriane næringsliv, privatøkonomi, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi.

Aller dårlegast score får Karmøy i kategorien arbeidsmarknad. Der ligg kommunen på ein 277.-plass.

I kategorien næringsliv derimot ligg Karmøy på 28.-plass.

Kåringa er utarbeidd av Menon Economics. Talgrunnlaget er frå 2016.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: