Her er årets åtte nominerte til Karmøys byggeskikkpris. Sjå bildeserie

Nå er dei nominerte til Karmøy kommunes byggeskikkpris 2017 klare. Sjå bildeserie nedst.

Av: Jogeir Bigset

I år er åtte bygg nominerte til Karmøy kommunes byggeskikkpris. Kven vinnaren blir skal avgjerast på møte i Hovudutval teknisk og miljø den 7. desember.

«Karmøy kommunes byggeskikkpris deles ut til den som har oppført nybygg som både er arkitektonisk gode i seg sjøl, og som samtidig er godt tilpasset det eksisterende miljøet på stedet. Prisen kan også tildeles den som på en god måte har tatt vare på eldre bygninger og bygningsmiljø», skriv kommunen på heimesida si.

Ei ære

Blant dei nominerte er Fosen bedehus. Noko Svein Helge Bergfjord, leiaren for Haugaland bedehusmuseum, er svært glad for.

Artikkelen held fram etter bildet.

Svein Helge Bergfjord

­– Dette er kjempekjekt. For oss ungdommane som saman med ein frivillig fagmann har vore med på restaureringa på dugnad, er dette ei stor ære, skriv han til Karmøyfolk.

Prisen skal delast ut på nyttårsmarkeringa til ordføraren 27. desember.

LES OGSÅ: Desse flotte trebåtane har sjel. – Dei har ei eiga lukt, ein eigen følelse

Bildeserien inneheld åtte bilde.

TIPS KARMØYFOLK PÅ TELEFON 957 80 298.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: