Håpets Havn inviterer til middag julekvelden. – Ei tøff tid for mange

Pinnekjøt, riskrem og julegåver. Det manglar ikkje på noko når Håpets Havn inviterer vanskelegstilte og einsame på middag julaftan.

Av: Jogeir Bigset

ÅKREHAMN: Organisasjonen Håpets Havn, som driv matutdeling til vanskelegstilte, utvidar i år tilbodet. Julaftan arrangerer dei for første gong tradisjonell julefeiring i kaféen på Åkra.

– Eg skal dampe pinnekjøt og lage riskrem. Me har mat i massevis, så her det berre til å komme. Tilbodet er mynta på vanskelegstilte, men alle er velkomne. Er det nokon som sit åleine julekvelden, er det berre til å stikke innom, seier Glenn Tony Pedersen (bildet).

Folk har vore gåvmilde i førjulstida. Organisasjonen fått inn mange julepakkar som skal delast ut.

– Gåvene me har fått inn, er for det meste til barn. Men størstedelen av dei me hjelper, er menn. Så me måtte ut og kjøpe nokre òg, fortel Pedersen.

Etter maten blir det levande musikk, og ordføraren, Jarle Nilsen, les juleevangeliet.

– At han tar seg tid til å komme ein slik kveld, synest eg er veldig fint. Han fekk ei ekstra stjerne hos oss då han takka ja.

Tøff tid

Pedersen er ikkje redd for at det skal bli lite folk.

– Me har ikkje servert mat på julaftan før, men eg er heilt sikker på at mange kjem. Behovet er stort, det veit eg. Mange slit økonomisk nå for tida, slår han fast.

Familiehøgtida er ikkje like enkel for alle.

– Jula er ei spesiell høgtid. For mange kan det vere ei tung tid med ekstra press økonomisk. Pluss at følelsar blir sette i sving. Det veit eg, for eg har hatt fleire tunge juler sjølv, fortel Pedersen. Han er i dag er tørrlagd alkoholikar.

LES OGSÅ: Talet på fattige Karmøy-barn aukar. 86 har fått opplevingskort

Julemiddagen blir servert klokka 18:00.

– Det er ikkje noko «must», men eg set pris på at dei som vil komme, gir ein lyd, så veit eg kor mykje eg skal koke, avsluttar Pedersen.

TIPS KARMØYFOLK PÅ 957 80 298.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: