Håpar på høg valdeltaking. – Me har hatt eit jamt sig heile dagen

Leiaren av stemmestyret i Kopervik, Øyvind Flatebø, melder om jamt sig i stemmelokalet i Karmøyhallen.

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: Då nettavisa Karmøyfolk besøkte Karmøyhallen i halv fem-tida måndag, var mange innom for å gjere borgarplikta, utan at det var teikn til kø.

– Her har det gått veldig bra. Me har hatt eit jamt sig heile dagen, og reknar med at det aukar litt på nå etterkvart som folk blir ferdige på arbeid, seier Flatebø.

 LES OGSÅ: SKOLEVALET PÅ KARMØY: Arbeidarpartiet størst. Høgre og Frp mest tilbake

Han fortel vidare at heile 39 prosent veljarane i denne krinsen har førehandsstemt.

– Det er med på å gjere at det blir roleg for oss her i dag, samstundes som det gir håp om høg valdeltaking, smiler han.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: