Hans Olav Lahlum og sju andre er bekrefta til årets SILK. Fleire kjente og kjære

Både kjente og folkekjære forfattarar er klare for årets SILK-festival.

Av: Jogeir Bigset

SKUDENESHAVN: Hans Olav Lahlum deltar på to arrangement denne festivalen. Han skal presentere den boka si, «De fems tegn», saman med Trude Teige og Tom Egeland. Og han deltar laurdangskvelden saman Ole Torp.

I tillegg til  Lahlum står sju nye namn på lista: Annette Groth, Jan Carson, Carl Frode Tiller, Jan Kjærstad, Arne Vestbø, Sylfest Lomheim og Ivar Nygård.

LES OGSÅ:  SILK-festivalen er nominert til gjev pris. – Me er enormt stolte

– Me har nå godt over 30 forfattarar som kjem til årets SILK-festival, opplyser, leiaren av hovudstyret, John Rullestad.

Han fortel vidare at ytterlegare to SILK-arrangement av ein «noko spesiell karakter» vil bil avklarte i løpet av enste veke.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: