Gjekk du glipp av Kopervik Fashion Night? Sjå bildeserie her

Klesbutikkane i Kopervik hadde ikkje spart på noko då dei arrangerte årets Kopervik Fashion Night. Sjå bildeserie nedst.

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: Catwalk, dj, gjennomført lyssetting – det var heilproft opplegg då Kopervik Fashion Night gjekk av stabelen på Café MM måndag kveld.

Dei 200 frammøtte fekk sjå haust- og vinterkolleksjonane til butikkane Herrmann, Get It, Karmøy Motesalong, MX-Sport, Barnehjerte og RDH Helsebutikken.

Kjempeinnsast

Leiar i Byen vår Kopervik, Inger Karin Damm, fortel som stor dugnadsinnsats.

– Me har hatt ein kjempekjekk dag på jobb i dag. Butikkane har brukt masse tid på å lage catwalk og ordne til. Frisørane som er med, har jobba heile dagen. Og det same gjeld make up-artisten Ida frå Glamors Estetikk og Madam Parfymeri, fortel Damm.

LES OGSÅ: Bustadprisane sokk på landsbasis, men i Karmøy er marknaden spesiell

At publikum likte det dei såg, var tydeleg. Det blei både mykje applaus og latter. Noko som kanskje ikkje var så rart; Gunn Haaland var konferansier.

– Det er utruleg kjekt at folk set slik pris på showet. Og så er me utruleg heldige som har Inventum, som stiller lokalet til disposisjon, med på laget, avsluttar Damm.

GÅTT GLIPP AV DENNE? BILDESERIE: Barna hadde det kjempekjekt på open dag på Kopervik brannstasjon

Bildeserien inneheld 33 bilde.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: