Gjekk du glipp av kulturskolens festvekeshow? Sjå bildeserie her

Laurdag var det Karmøy kulturskole som stod på festveke-programmet i Kopervik kyrkje. Det blei ei minneverdig framsyning som enda med ståande applaus.

Av: Jogeir Bigset

 Framsyninga har fått tittelen «Lyset du treng finst». Rundt 70 kulturskoleelevar var på scenen i løpet av kvelden. Kulturskolerektor Kirsten Jæger Steffensen er godt fornøgd.

Markus Aarøy Vikse

 

Kveldens program var variert.

– Alle avdelingane våre lagar eigne framsyningar nå på vårparten. Vi har plukka frå desse og sett dei saman til eitt show, opplyser Steffensen.

Kulturskolerektoren har berre godord om nyekyrkja.

– Kyrkja fungerte veldig godt til slike arrangement. Vi har allereie booka den til musikkavdelinga sin elevkonsert rett før sommaren.

BAROCK: Dansegruppa dansa klassisk dans til moderne musikk.

NYMOTENS GARDINKLATRING: Dinglande høgt under taket fekk Andrea Mannes publikum til å gispe fleire gongar.

Barneteateret viste utdrag frå stykket «James og kjempeferskenen» som blir spelt i Blackboxen i Kopervik komande veke. Billettar er framleis tilgjengelege.

Frå «James og kjempeferskenen»

Ingeborg Dorthea Rasmussen spelte «Norsk dans nr. 2».