Gir ut ny bok om Skudeneshavn. Spår gullalder

Svein Arthur Kallevik gir ut ny bok om Skudenes’ historie.

Av: Jogeir Bigset

SKUDENESHAVN: «Skudeneshavn – med vind i seilene» heiter boka Svein Arthur Kallevik nå gir ut. Der tar han for seg historia frå dansketida og fram til i dag.

I boka tar han mellom anna for seg historia til reiarlaget Solstad.

– Det er verkeleg eit eventyr. Johannes Solstads litle reiarlag har blitt eit stort offshore-reiarlag internasjonalt – og blei i 2017 fusjonert til giganten Solstad Farstad A/S. I løpet av desse drygt 50 åra har Solstad-reiarlaget sett preg på byen. Tusenvis av arbeidsplasser er skapte i inn- og utland, og reiarlaget har vore ein viktig og raus støttespelar lokalt, fortel forfattaren.

LES OGSÅ: Oceangoing flyttar båtane frå Åkra. – Me treng betre fortøyings- og straumtilgang

Kallevik trur byen kan få ein ny gullalder.

– Det er vanskeleg å spå om framtida, men kanskje er det turistnæringa som med tida vil skape inntekter og arbeidsplasser til byen. Godt hjelpt av den store og aukende interessa spesielt perla Gamle Skudeneshavn har fått blant norske og utanlandske turistar, seier Kallevik.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: