Gir ut julehefte frå 1950. – Jula var betre før

Det seier Svein Helge Bergfjord som i år gir ut julehefta «Jul på Karmøy» frå 1949 og 1950.

Av: Jogeir Bigset

NOSTALGISK: Denne jula har Vest-Karmøy yngre lokalhistoriske foreining med Svein Helge Bergfjord i spissen blåst støvet av «Jul på Karmøy»-utgåvene frå 1949 og 1950. Desse, som nå er trykte i nye opplag, er nå lagde ut for sal.

– Lokale julehefte er ein flott, gammal tradisjon som me ønskjer å ta i bruk igjen. I desse utgåvene kan folk lese originalt stoff skrive av og om folk på Karmøy. Her er mellom anna kjekke småhistorier, juleandakt og ein reportasje frå prestegarden på Falnes, fortel Bergfjord.

Hefta blei første gongen gitt ut av Lars og Sven Svensen. Sistnemnde dreiv Kopervik kristelige bokhandel. Retten til å trykke opp hefta på nytt har foreininga fått av etterkommarane.

– Opplaget den gongen var lite, og mange hefte blei sende som julegåver til kjenningar i Amerika. Derfor var det ganske vanskeleg for oss å få tak i dei i dag. Me måtte grave ein del rundt, spørje eldre folk me kjenner.

Selde 1000 i fjor

I fjor, første gongen foreininga gav ut ei eldre utgåve av «Jul på Karmøy», selde dei rundt 1000 eksemplar, opplyser Bergfjord. Kvifor det slo an, veit han ikkje sikkert, men har nokre tankar.

– Jula var betre før. Den gongen slapp folk kjøpepresset me har i dag, noko som gjorde at det blei ei fredelegare feiring. På meg sjølv veit eg at når besteforeldra mine fortalte om jula i gamle dagar, så høyrdest det mykje kjekkare ut. I tillegg trur eg jula er ei tid folk dyrkar det nostalgiske.

LES OGSÅ: Opplev ein bedehusbasar i ekte 50-talsstil. – Dette blir som i storheitstida

Tilbakemeldingane Bergfjord får frå lesarane, er positive.

– Mange set stor pris på dette. Folk hugsar at hefta låg heime på stovebordet i jula. Nå er dei glade for å kunne hente dei fram igjen, avsluttar han.

TIPS KARMØYFOLK PÅ 957 80 298

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: