Frank Aarebrot held historietime i avaldsneskyrkja. – Han er ein av Noregs dyktigaste formidlarar

Det seier Arnfinn Tobiassen, kantor i kyrkja. Han trur det blir interessant når Aarebrot kjem på besøk. Professoren skal halde foredrag om reformasjonen og konsekvensane den fekk for kyrkje og samfunn.

Av: Jogeir Bigset

– Sidan vi markerer at det er 500 år sidan reformasjonen fann stad, syntest vi det passa å få litt historisk kunnskap om emnet. Så da tenkte vi: «Kven betre?» og ringte Aarebrot. Han hadde lyst til å komme, fortel Tobiassen.

 Foredraget skal vare i 90 minutt.

– Aarebrot insisterte: «Det går ikkje an å halde på så lenge utan kaffipause. Ikkje på Vestlandet.» Så derfor blir foredraget delt i to bolkar, smiler Tobiassen.

Kantoren ventar fullt hus.

– Billettsalet har vore veldig bra. Vi opnar dørene ein halv time før. Eg vil råde folk til å vere tidleg ute. Dei som kjem først, får beste plassane.

Aarebrot er professor i samanliknande politikk, men er kanskje mest kjent som valforskar og politisk kommentator. Han har tidlegare fått Nordisk forskningsråds formidlingspris.

Foredraget finn stad komande søndag.