Fleire kopervikingar fekk seg ein støkk: – Plutseleg brølte ei heks

Det var skummelt i sentrum då Byen vår Kopervik feira Halloween laurdag. Sjå bildeserie nedst.

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: – Knask eller knep!

Barn utkledde i alle slags kostyme – somme skumle, andre humoristiske – gjekk frå butikk til butikk i Kopervik sentrum laurdag formiddag.

Og det var nok ikkje berre Elise Bernbo (10) som fekk seg ein støkk.

– Det har vore kjempegøy! seier ho.

(Artikkelen held fram etter bildet.)

Elise Bernbo

Har du skremt nokon i dag, då?

– Nei. Men eg blei litt skremt sjølv. Då eg skulle ta snop inne på bokhandelen, var det ei heks som plutseleg brølte til meg. Det var skummelt.

Bildeserien inneheld ti bilde.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: